Grøne dikt

9 moderne irske lyrikarar

Knut Ødegård, 2005, Innbundet, Nynorsk
Jostein Sæbøe (Oversetter),
Knut Ødegård (Oversetter)
262,–
Veil. pris299,–Du sparer37,–
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager.

Omtale

For første gong på norsk ein omfattande antologi med moderne lyrikk fra Irland:

Thomas Kinsella, Richard Murphy, John Montague, Seamus Heaney, Michael Longley, John F.Deane, Eavan Boland, Eva Bourke og Pat Boran.

Ni sentrale engelskspråklege poetar frå ”den grøne øya” – eit land der poesien gror sterkt og i ulike retningar. ”Det irske” er overbevisande til stades, og når ein ser på det litterære landskapet i fugleperspektiv, er dette eit heilt anna land enn til dømes England som har ein meir akademisk prega litteratur.

Her er irsk natur, folkeliv, historie, og for ein norsk lesar er det dessutan slåande i kor stor grad forteljinga lever i denne lyrikken.

Gjendiktarane Knut Ødegård og Jostein Sæbøe, har utstyrt boka med eit etterord som gjer klåre riss av utviklinga av den irske lyrikken – ei stor dikting som trer fram innanfor Irlands dramatiske historie..