"No debuterer Olav Starheimsæter med ein konseptuell novellesyklus, der det som bind tekstane saman, er eit sexforum på Internett, kalla Lystslott, og han gjer det, altså debuterer (litterært, for all del), med glans (Sigmund Freud, kvar er du? ), for ikkje å seia til ståkarakter (der var du), og vel så det...Ein skal vera bra musikalsk for å skriva slik, og Starheimsæter er såleis ein forfattar som tek samtida heilt på kornet, utan å gjera merksam på at det er det han har tenkt å gjera. Boka er altså ikkje ei essayistisk drøfting av samfunnet anno 2016, men ein fiktiv presentasjon av det, endåtil ein god fiktiv presentasjon. Her er ingen freistnad på å syna fram sterke sider, forfattaren prøver ikkje å vera eit alternativ til Wikipedia, skrivemåten er konvensjonell, av di han skal representera temaet og folk slik dei er, når dei ikkje legg band på seg. Dermed vert boka ein tidskapsel frå vår eiga tid, tekstane presenterer aktuelle saker betre enn ordskiftet om dei same sakene kan gjera. Mellom anna om nettroll og åtferd i sosiale medium, men også om rådande mentalitet i våre dagar, ikkje minst om fråværet av empati i ein tidsalder som dyrkar det egosentriske verdsbiletet."
ODD W. SURÉN, Dag og Tid