Rein natur (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 88
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202512835
Kategori: Drama
Omtale: Rein natur
Josef er nazidoktor under Holocaust. Han oppdagar at kampen mellom det gode og det vonde ikkje berre utspelar seg mellom ulike menneske, men inni kvart einskild individ, inni sjølve arvestoffet til kvar og ein av oss. Josef drøymer om at det ein gong i framtida skal bli mogleg å reinska bort all vondskap, alt svakt og all tvil, ikkje berre folkegrupper imellom, men inni kvar menneskeleg celle.

Skodespelet Rein natur er Maria Tryti Vennerød sitt bidrag til storstatsinga Andre verdskrigen - Natt i verda, som hadde premiere på Det Norske Teatret 27. februar. Vennerød er den einste norske dramatikaren som er med.

Til toppen

Om forfatter

Maria Tryti Vennerød (1978) debuterte med stykket Meir i 2002 og har sidan vunne ein norsk-svensk dramatikarkonkurranse i 2003 (Frank), Ibsenprisen i 2005 (Dama i Luka), to prisar i konkurransen Hundre og Nå i 2006 (Neverland og Testen) og blitt nominert til Heddaprisen i 2012 (Ikkje direkte råka). Stykka hennar har blitt framførte m.a. på Det Norske Teatret i Oslo, på Schaubühne i Berlin, På Theatre for the New City i New York, på Nationaltheatret i Budapest og hausten 2014 blir stykket Nasjonal Prøve lese på La Colinne i Paris. I 2016 er ho bidragsytar til Det Norske Teatret sin storproduksjon om andre verdskrigen, saman med verdskjende dramatikarar som David Greig og Lukas Bärfuss.

Les bloggpostane og sjå filmklipp frå framføringane av Ikkje direkte råka her.