Nasjonal prøve (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2011
Antall sider: 64
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202349899
Kategori: Drama
Omtale: Nasjonal prøve

Ein skuleklasse skal ha nasjonal prøve. På naboskulen er det kome truslar om skulemassakre, men rektor hevdar at prøven må gå sin gang. Uromomentet i klassen, Vidar, er utvist, og ei snikande redsle spreier seg: Står han bak truslane?
Vil han komma tilbake og skada oss?

Nasjonal prøve er eit drama om mistru og frykt for det som er annleis. Kva skjer med ein skuleklassen eller eit samfunn der redsla får herja fritt?

Dette er eit av seks skodespel som er skrivne for Den unge scenen i 2011. DUS bestiller annakvart år fem-seks sceniske tekstar frå like mange etablerte dramatikarar. Tekstane skal skrivast for, og framførast av, ungdom. I 2011 blir Nasjonal prøve spelt av 14 ulike ungdomsgrupper over heile landet.

Til toppen

Anmeldelser av Nasjonal prøve

Teater i bokform

"Åh, kor godt det er å møte tekst med motstand, kor ein kjenner seg vurdert som likestilt med forfattaren sjølv. Og åh, kor det er godt å møte karakterar som ein har møtt før. I seg sjølv, eller i dei klassane kor ein har gått."Mette Karlsvik, FramtidaLes hele anmeldelsen

Til toppen

Om forfatter

Maria Tryti Vennerød (1978) debuterte med stykket Meir i 2002 og har sidan vunne ein norsk-svensk dramatikarkonkurranse i 2003 (Frank), Ibsenprisen i 2005 (Dama i Luka), to prisar i konkurransen Hundre og Nå i 2006 (Neverland og Testen) og blitt nominert til Heddaprisen i 2012 (Ikkje direkte råka). Stykka hennar har blitt framførte m.a. på Det Norske Teatret i Oslo, på Schaubühne i Berlin, På Theatre for the New City i New York, på Nationaltheatret i Budapest og hausten 2014 blir stykket Nasjonal Prøve lese på La Colinne i Paris. I 2016 er ho bidragsytar til Det Norske Teatret sin storproduksjon om andre verdskrigen, saman med verdskjende dramatikarar som David Greig og Lukas Bärfuss.

Les bloggpostane og sjå filmklipp frå framføringane av Ikkje direkte råka her.