Reglar om fast eigedom (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2010
Antall sider: 208
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202320928
Kategori: Juridiske fag og Fagbøker
Fag: Eiendomsrett
Nivå: Akademisk
Omtale: Reglar om fast eigedom

Reglar om fast eigedom er i første rekkje ei innføringsbok i fast eigedoms rettsforhold. Forfattaren legg vekt på å framstilla rettsområdet på ein sjølvstendig og tydeleg måte. Føremålet er å skapa engasjement og forståing for eit spennande og levande rettsområde.

Boka ønskjer å framstilla og forklara heilskapen i rettsområdet. Den går inn på samanhengar, systematikk og omgrep i faget, samstundes som den er praktisk og rik på konkrete døme.

Framstillinga presenterer nye perspektiv og synsmåtar på meir tradisjonelle emne. I tillegg inneheld den emne som ikkje er særleg handsama i den norske juridiske litteraturen. På den måten er Reglar om fast eigedom også ei fordjupingsbok.

Til toppen

Flere bøker av Erlend Baldersheim:

Anmeldelser av Reglar om fast eigedom
«... boka passar nok betre til fordjuping og refleksjon enn til innføring. Helst må ein sjå boka som innlegg i ein fagleg diskusjon. [...] Forfattaren er insisterande i skrivemåten, og han finn rett som det er råkande formuleringar. Lesaren får noko å tenkje på, anten han er samd eller usamd.»Kåre Lilleholt, Lov og rett 6/2010

Til toppen

Om forfatter
Erlend Baldersheim (f. 1982) er master i rettsvitskap (2007) frå Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Han arbeider som universitetsstipendiat same stad. Forskingsområda hans er odelsrett og åsetesrett, fast eigedoms rettsforhold og rettsteori/rettskjeldelære.