"Selznick har klart å bryte den gamle romanforma på elegant vis med å blande setningar og strek, der dei 286 sidene med originalteikningar spelar ei like viktig rolle som det skrivne ord. Med fantastiske blyantteikningar og smertefrie overgangar mellom strek og bokstav dreg forfattaren oss inn i Hugos liv. Det mest beundringsverdige med romanen er likevel at Selznick har klart å skape eit nostalgisk preg på historia trass i hans særeigne romanformat. Med Paris på 30-talet, stumfilmar, manuelle urverk og referansar til verkelege personar som rammer skaper han ei heilt spesiell historie. Eg meiner at Biran Selznick har klart å fange noko i Oppfinnelsen av Hugo Cabret som eg ofte saknar i nyare bøker. Han har klart å formidle den magiske opplevinga ein ofte søkjer når ein fordjupar seg i ei bok, utan å måtte ta i bruk anna magi enn den verkelege verda."
Anita Svendheim, Magasinett.noLes hele anmeldelsen