Oppbrotsteologi på det lange 70-talet (Innbundet)

Frigjeringsteologi, marxisme, sosialetikk

Serie: Religionsfag Profil 44

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 512
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
Serie:
Serienummer: 44
ISBN/EAN: 9788202753689
Kategori: Historie, religion og filosofi og Fagbøker
Fag: Historie, Religion
Nivå: Akademisk
Omtale Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp.

I denne situasjonen fekk vi fenomenet ‘kristen-radikalarane’, som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten.

Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla ‘det lange 70-talet’. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer.

Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.

Til toppen

Anmeldelser Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»

Rune Slagstad, Dag og Tid 13. mai 2022

Til toppen

Om forfatter

Jan Ove Ulstein (f. 1944) er dosent emeritus i systematisk teologi ved Høgskulen i Volda. Ulstein har skrive og redigert ei rekke bøker, mest innan skjønnlitteratur for vaksne og born, og ei rekke artiklar. Han leia programområdet Kyrkje – Religion – Samfunn i Rådet for humanistisk forsking (982-1988), og var første ansvarlege redaktør i Tidsskrift for kirke, religion og samfunn (1988-2003, no Nordic Journal of Religion and Society), og har vore serieredaktør for Religionsfag Profil sidan starten (2001).

Bøker i serien