Lekende og alvorlige dikt som feirer fugler, dyr og andre underlige skapninger. Her finnes viltre, lekne, skumle og hemmelighetsfulle dyr. Hilde Kramers illustrasjoner er inspirert av japanske tresnitt. Dette er en vakker kunstbok med humoristiske anslag.
"Ein er ikkje nett bortskjemd med nyskapande barnelyrikk med litterær kvalitet i Noreg. Difor er det kjekt med denne biletboka med dyre- og fugledikt av Kaldestad. I leikne, rørlege og sanselege dikt møter ein til dømes ekornet, skarven og pigghåen i sine naturlege habitat (...) Både dikta og illustrasjonane med sitt tematiske søkjelys på livet i strandsona, balanserer mellom noko konsentrert og noko fabulerande, og det gir boka ein fin rytme, og gjer at ho støtt overraskar."
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
Dikt for barn i alle aldrar
”Dette er ei diktbok dei fleste kan ha glede av. Forfattar Kaldestad og illustratør Kramer har begge ei sterk interesse for fuglar og dyreliv, noko dei serverer borna på gullfat i denne diktsamlinga.”
Judith Sørhus Litlehamar, Pirion
Poetisk karakterisering
”Per Olav Kaldestad skrive fine dikt, særleg om fuglar og regn. No gjer han det igjen (…) Kramer arbeider dekorativt, stilisert og fargesterkt med digitale kollasjar, her er mange fine oppslag (…)”
Per Olav Kaldestad er forfattar og førsteamanuensis i norsk. Han har lang erfaring frå undervisning i lærarhøgskolen og har skrive ei rekkje bøker i alle sjangrar for vaksne og barn. Mellom anna har han skrive og vore medforfattar til fleire fagbøker om litteratur.