Kroppsvask i sjukepleie (Heftet)

Eit politisk og historisk perspektiv

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2011
Antall sider: 103
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279501503
Kategori: Helse og sosialfag og Fagbøker
Fag: Sykepleiefag
Nivå: Akademisk
Omtale: Kroppsvask i sjukepleie

Kroppsvask i sjukepleie er ei nedkorta og lettare gjennomarbeidd publisering av Jeanne Boge si pH.d.-avhandling «Kroppsvask i sjukepleia» (2008).

Den franske filosofen Michel Foucault har vist korleis makthavarane i moderne industrisamfunn har utnytta ulike teoriar og kunnskapar politisk til å disiplinere innbyggjarane inn i bestemte kroppslege praksisar. Medan styresmaktene har prøvd å skape inntrykk av at disiplineringa har vore kunnskapsbasert, argumenterer Foucault for at motiva har vore politiske og økonomiske. Med denne argumentasjonen som bakteppe har Boge analysert tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleie, hygiene og behovsteori.

Studien tek utgangspunkt i tre tidsepokar. Den første er frå om lag 1860 til 1911, då den moderne sjukepleia blei forma. Den andre er tida etter den andre verdskrigen, då faget tok til å omtale kroppsvask som personleg hygiene, og Hendersons behovsteori blei introdusert. Størstedelen av boka omfattar kroppslege vaskepraksisar i vår eiga tid. Analysane er basert på studiar om reinsemd, lærebøker i sjukepleie frå fortid og notid og på observasjonar og intervju av pleietrengande og pleiarar i ein norsk sjukeheim i 2002 og 2006.

Boge diskuterer ikkje om kroppslege sjukepleiepraksisar er gode eller dårlege, men argumenterer for at sjukepleiefaget har blitt, og blir, forma av politiske føringar som er legitimerte ved hjelp av vitskap. Vona er at boka vil opne for nytenking i helsetenesta og for fleksibilitet i møte med pasientar som treng hjelp til kroppspleie. Teksten kan òg lesast som eit innspel i debatten om kunnskapsbasert sjukepleieundervisning og sjukepleiepraksis.

Boka er aktuell for bachelorstudentar innan helsefaga og for alle som interesserer seg for norsk sosialhistorie.

Til toppen

Om forfatter
Jeanne Boge er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i intensivsjukepleie og har bak seg ein allsidig sjukepleiepraksis.

Forutan hovudfag i sjukepleievitskap har ho mellomfag i filosofi og praktiskpedagogisk utdanning, og sidan 1994 har ho undervist ved ulike sjukepleiarutdanningar. I 2008 tok ho pH.d.-graden ved Universitetet i Bergen. I dag er ho førsteamanuensis både ved Høgskolen i Bergen og ved Universitetet i Bergen.