Kraftsentrum nr 6

2008, Heftet, Nynorsk
66,–
Veil. pris75,–Du sparer9,–
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager.

Omtale

Fleire og fleire forfattarar nemner musikk og film som viktige påverknadskjelder. Samtidig har det byrja å dukke opp stemmer som også slår eit slag for at videospel vil kunne kome til å ha den same påverknadskrafta. Det er difor i ferd med å openberre seg ein interessant tanke: Ikkje berre litteratur skaper litteratur. Film, musikk og videospel skaper også litteratur, og litteratur skaper videospel, musikk og film.

Kraftsentrum nr 6 prøver iherdig å finne ut korleis: John Erik Riley, Mattis Øybø og Kari Marstein tenker høgt om videospelas betyding for litteraturen, mens dei spelar videospel. "Håpet er at bøkene mine blir bedre av all musikken de har hørt", skriv Tore Renberg i essayet "Musikken og meg", mens Johan Harstad har skrive eit entusiastisk essay om Wes Anderson, som han kallar vår generasjons Woody Allen. Olav H. Hauge, Michel Gondry, og filmane Sin City og 300 blir også lagt under lupa i løpet av tidsskriftet, og Melissa Gjellstad gir ein interessant diskusjon av fenomenet chick lit, og dens avartar, og påpeikar sjangerens utvikling frå feministisk initiativ til ynda forlagsmerkelapp. Av andre høgdepunkt kan det nemnast at Jon Øystein Flink går laus på Bob Dylan i sitt essay om forfattarskap og musikalitet, og Øystein Vidnes har levert ein teikneserie om filmmeldarskap. Kraftsentrum er også stolte over å presentere ein ny sjanger: kortfilmtekstar skrivne av Ingeborg Arvola, Mikkel Bugge, Joakim Kjørsvik, Ellisiv Lindkvist, Ulf Karl Olov Nilsson og Tale Næss.