Folkesong i Vest-Agder (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 216
Forlag: Portal forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788283140583
Kategori: Kulturhistorie og Historie
Omtale Folkesong i Vest-Agder

Det er altfor få som høyrer og syng dei gamle songane, sjølv om det er mengder av songmateriale frå området vårt. Det kan vere årsaker til dette, men kanskje kan ein gjere noko med det? Vest-Agder fylkeskommune gir ut boka Folkesong i Vest-Agder med eit ønske om at fleire vil ta i bruk dei lokale tradisjonssongane våre.

Forfattar Ragnhild Furholt presenterer i boka ulike typar songar; balladar, stev, slåttestev, ulike viser, bånsullar, regler, stubbar og religiøse folketonar. Her er songar frå alle dei 15 kommunane i fylket. Ho har med dette gjort noko av det rike songmaterialet tilgjengeleg for fleire. Lykke til med å skape nytt liv i folkesongen i fylket vårt!

Til toppen

Om forfatter
Ragnhild Furholt har vore tilsett ved folkemusikkstudiet ved HiT sidan 1989. Ho er cand. mag. frå UiO og HiA med faga nordisk, folkeminnevitskap og musikkvitskap, og har mastergrad i kulturstudiar. Ho underviser i song, dans og ulike teoretiske emne om folkemusikk.

Ho har vunne Landskappleiken 4 gonger, sist i 2001 der ho også fekk Kongepokalen. I 1997 fekk ho Spellemannsprisen for CDen "Segner Syng". Gav ut cd-ane "...på alle strengjer" i 2001 og "Lån meg vengjene" i 2007. Ho fekk tildelt Statens arbeidsstipend for Folkekunstnarar i 1999 og 2007.