Til tingsrettens teori (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 323
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202532161
Kategori: Fagbøker
Fag: Eiendomsrett
Nivå: Akademisk
Omtale Til tingsrettens teori

Den norske og skandinaviske tingsretten er prega av eit sett med teoretiske grunnpostulat. Det finst ei lære om eigedomsretten som eit såkalla koplingsord, ei lære om eit funksjonelt rettigheitsomgrep, og mange påstandar om sondringa, eller mangelen på sondring, mellom tinglege og obligatoriske rettar. Denne boka tek opp desse lærene til gransking. Kva går dei ut på? Er dei forståelege og haldbare? Boka stiller seg spørjande og kritisk til mykje av det som fram til no har vore god latin i tingsretten. Som eit konstruktivt bidrag formulerer boka dernest ein teori om eigedomsrettens overgang ved kjøp og sal. Dette emnet har i lang tid vore lite teoretisert i rettslitteraturen.

Boka er relevant for alle som interesserer seg for tingsrett spesielt og for rettsvitskap generelt. Boka gir også underlag og støtte for løysing av ei rekkje praktiske rettsbruksspørsmål.

Til toppen

Om forfatter
Erlend Baldersheim (f. 1982) disputerte i 2016 for den juridiske doktorgraden med avhandlinga Til tingsrettens ontologi. Baldersheim har tidlegare arbeidd som universitetslektor og stipendiat ved Universitetet i Bergen, og som dommarfullmektig og konstituert dommar i Bergen tingrett. Han arbeider no som advokat hos Regjeringsadvokaten. Tidlegare har han gitt ut fleire bøker og skrive fleire artiklar særleg om tingsrettslege emne.