Språkmøte (Heftet)

Innføring i sosiolingvistikk

Forfatter:

, , og

Legg i ønskeliste

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 264
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202283445
Kategori: Språk og litteratur
Fag: Litteratur- og språkvitenskap, Norsk
Nivå: Akademisk
Komponent: Pedagogisk litteratur
Omtale: Språkmøte

Sosiolingvistikk er ei grein av språkvitskapen som tek utgangspunkt i språkvariasjonen i samfunnet. Ulike språk og ulike språklege variantar møtest heile tida både i det enkelte individet, i lokalmiljøet og i det større fellesskapet. I slike møte ser ein korleis språkleg variasjon er knytt tett til dei sosiale, kulturelle, psykologiske og samfunnspolitiske tilhøva i kvardagen vår.

Denne boka gjev ei innhaldsrik og grunnleggjande innføring i sosiolingvistikk basert på norske tilhøve. Forfattarane legg vekt på mellom anna språkleg endring, dialektar, fleirspråklegheit og den særeigne norske skriftspråksituasjonen, og dei gjev mange viktige døme frå norske undersøkingar.

Språkmøte er aktuell for alle som er opptekne av og vil vete meir om språkvariasjon og om norsk språk, til dømes studentar i norsk, nordisk, lingvistikk, språkkontakt og migrasjonspedagogikk.

Forfattarane er framståande språkforskarar frå NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

I Språkmøte blir mellom anna desse emna drøfta:

  • talevariasjon, dialektar og fleirspråklegheit
  • skriftvariasjon
  • språkendring
  • språk og identitet
  • sosiolingvistisk metode

Til toppen

Anmeldelser av Språkmøte
"Det er ei interessant bok, også for dem som "bare" er generelt interessert i språk og hvordan det endres over tid og på grunn av påvirkning utenfra."William Gunnesdal, Utdanning 9/2009

Til toppen

Om forfatter
Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har arbeidd med sosiolingvistiske og namnevitskaplege spørs­mål og skrive m.a. Fenomenologisk dekonstruksjon av det labov-milroyske para­digmet i sosiolingvistikken. Ein analyse av sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune (1995), og han er redaktør av den sosiolingvistiske skriftserien Målbryting. Brit Mæhlum er professor i nordisk språkvitenskap ved NTNU. Hun har skrevet artikler og bøker om norsk språk og generelle språkvitenskapelige emner. Unn Røyneland er førsteamanuensis i nordisk språkvitenskap ved Universitet i Oslo. I forskingen sin har hun særlig vært opptatt av språklig praksis blant unge språkbrukere i bygd og by. Helge Sandøy er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har arbeidd særleg med språkhistorie, språkvariasjon, språkendring og språknormering.