Norsk talemål (Heftet)

Lokal og sosial variasjon

Forfatter:

og

Legg i ønskeliste

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2005
Antall sider: 153
Spilletid: 1:09
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276345391
Kategori: Språk og litteratur
Fag: Litteratur- og språkvitenskap
Nivå: Akademisk
Omtale: Norsk talemål
Boka er ei innføring i varietetar av norsk talemål, både dei lokale, dialektane, og dei sosiale, sosiolektane. Men ettersom den lokale variasjonen framleis er mykje større enn den sosiale, ligg hovudvekta på framstillinga av dialektane. Det er òg ei innføring i det som er spesielt for talemålet, nemleg språklydar. Fyrste kapittel er ei stutt innføring i norsk lydlære. Så kjem eit kapittel om den sosiale variasjonen i talemålet. Her blir det òg gjort greie for dei viktigaste sosiolingvistiske omgrepa, med særleg vekt på tilhøvet mellom dialekt og riksspråk, allment og i det norske språksamfunnet spesielt. Deretter fylgjer eit kapittel om dei viktigaste målmerka, med 16 kart, der det òg blir sagt noko om utviklinga i kvart målmerke i dag. Vidare er det eit kapittel om dei viktigaste dialektgruppene, med 4 kart over distrikts- og målføreinndeling og 20 målprøver i enkel lydskrift som skal illustrere kvar si målføregruppe. Prøvene finst òg på ein CD som fylgjer med boka. Ettersom dei fleste nordmenn no lever i byar og tettstader, er det lagt særleg vekt på bymåla. M.a. er det eit punkt om det viktigaste bymålet i kvar landsdel, med målprøve. Til slutt er det eit kapittel som summerer opp utviklinga i norsk talemål i dag, m.a. med ei drøfting av årsakene til dei store endringane vi ser i dialektane.

Norsk talemål er meint for studentar i nordisk på grunn-nivået på universitet og høgskular.

Forfattarane er båe fyrsteamanuensar i nordisk språk, tilsette ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, med lang undervisningsrøynsle i nordisk språk på alle fagsteg ved universitetet. Dei har hatt ei rekkje programseriar i radio om norske målføre, m.a. for NRK Skoleradioen. Til desse programma har dei gjevi ut fleire hefte som har vori mykje nytta i vidaregåande skule, på lærarskular, høgskular og universitet. Denne boka byggjer på desse hefta.

Til toppen

Om forfatter
Botolv Helleland er fyrsteamanuensis i nordisk språk, tilsett ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Han har lang undervisningsrøynsle i nordisk språk på alle fagsteg ved universitetet og arbeider særleg med namnegransking. Eric Papazian er fyrsteamanuensis i nordisk språk, tilsett ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Han har lang undervisningsrøynsle i nordisk språk på alle fagsteg ved universitetet og arbeider særleg med dialektologi og sosiolingvistikk.