Vesentleg og viktig? (Heftet)

Om profesjonsverdiar i journalistkvardagen

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 281
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788271473228
Kategori: Journalistikk og mediefag
Fag: IJ-forlaget, Journalistikk
Nivå: Akademisk
Omtale: Vesentleg og viktig?
Korleis tenkjer journalistar om eigne verdiar?

Vinteren 2008 og 2009 intervjua Audgunn Oltedal 29 journalistar i ti nyheitsredaksjonar frå Vadsø i nord til Horten i sør om vesentlegkravet i journalistikken. Svara viser at det rår ei ganske lik oppfatning av kva som kjenneteiknar vesentlege nyheiter. Ingen seier at eigne verdiar ikkje betyr noko for dei val journalisten gjer, men i faglege diskusjonar i redaksjonen er eigne verdiar eit ikkje-tema.

Forfattaren vektlegg transparens. La samfunnsborgaren få kikke deg i korta og sjølv vurdere om du ivaretek yrkets krav til fair behandling, meiner ho. Vekt på det vesentlege, menneskeverd, ytringsfridom, vere kritisk og ubunden, ivareta sanningskravet - dette forstår forfattaren som dei sentrale profesjonsverdiar i journalistyrket.

Til toppen

Om forfatter
Audgunn Oltedal er journalist, og har mellom anna arbeidet i NRK. Ho var første redaktør i ukeavisa Ny Tid. Oltedal er i dag førstelektor ved Journalistutdanningen, Høgskolen i Oslo og Akershus, der ho mellom anna underviser i presseetikk og nyheitsjournalistikk.