Wimbledon

Der graset er grønast

Gudmund Skjeldal, 2018, Heftet, Nynorsk

Det er reisa til Wimbledons magiske gras, og det er skildringa av Roger Federers og Serena Williams kunstferdige spel. Det er dramaet i Borg og McEnroes dagar, då gatene i Norge var tomme då finalen vart spelt. Og det er moglegheita for ny tennisfeber – når talentet Capsper Ruud spring ut. Tennis strekar opp eit spenningsfelt som minner om livet sjølv. Boka «Wimbledon» er reisa til spelets kjerne.

201,–
Veil. pris229,–Du sparer28,–
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager.
Noen bøker er idrettsprestasjoner. Dette er en slik.
Svein Egil Omdal, Bergens Tidende

Omtale

Ingen stad er graset så velstelt som i Wimbledon. Inga turnering er det tennisstjernene ønskjer å vinna meir enn den. Få finalar er like dyre som dei på Centre Court. Men også i Wimbledon finst det parkar der kan ein leggja seg i kø, og vona på ein billegare billett.

Dei intense duellane mellom John McEnroe og Björn Borg, mellom Williamssøstrene, og endeleg Roger Federer i møte med Rafael Nadal, har fengsla folk over heile verda. Ein gong spelte ei norsk kvinne i finalen på Centre Court. Kan henda kan ein nordmann gjera det skarpt igjen.

Med sats i ein svært berømt kamp skriv Gudmund Skjeldal om den kontrastrike og tradisjonsbestemte sporten tennis. Han fortel med amatørens lidenskap for racketkunstnaren Federer, og med idéhistorikarens syn for tradisjonen fair play. I Wimbledon blir spelarane minna om å tapa og vinna med stil.

Tennis er ein mental idrett meir enn dei fleste. Dette er reisa til spelets kjerne.