Tarjei Vesaas (Heftet)

Ein diktar i tida

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 432
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788202573171
Kategori: Biografier
Omtale Tarjei Vesaas
Da Tarjei Vesaas døydde i 1970, vel 72 år gammal, let han etter seg ein av dei mest sentrale forfattarskapane i norsk litteratur. Bøkene hans ble omsette til ei rekkje språk, og han er ein av dei få norske forfattarane i etterkrigstida som har vunni seg eit internasjonalt ry.

Tarjei Vesaas budde i Vinje i Telemark og heimstaden ligg som ein grunnvoll under alt han skreiv. Men i diktinga sprengjer han lokal grenser og stiller til kvar tid dei avgjerande spørsmåla i livet. Nye lesarar blir stadig fanga inn av det hemmelege spelet i diktinga hans. Han kjende godt til angsten og avgrunnane i menneskesinnet, men også til kjærleiken og draumen. I spenningsfeltet mellom desse kreftene skaper Vesaas bruer mellom menneske, bruer for liv. Men kven var diktaren sjølv? Han som sa at han stod i bøkene sine i alle slags forkledningar?

Olav Vesaas, son til diktaren, har leita bak forkledningane, granska ukjent materiale og har med den nære kjennskapen han hadde til far sin, skrivi ei eineståande innføring til diktaren og mennesket Tarjei Vesaas.

Til toppen

Andre utgaver

Tarjei Vesaas
Bokmål Ebok 2018
Om forfatter

Olav Vesaas var i nesten 30 år kulturmedarbeidar i NRK, men er no forfattar på heiltid. Tidlegare har han gitt ut: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985), Telemark – dikt og draum (1992), Rolf Jacobsen – en stifinner i hverdagen (1994) og Løynde land – ei bok om Tarjei Vesaas (1995).

Høsten 2001 utga Olav Vesaas biografien om Aasmund Olavsson Vinje: Eit standardverk om ein av dei mest fascinerande og nærgåande skribentane i norsk historie.