Diktaren i bombeflyet (Innbundet)

Ein biografi om Nordahl Grieg

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 464
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202335113
Kategori: Biografier
Omtale: Diktaren i bombeflyet
Diktaren Nordahl Griegs liv er på same tid eventyrleg, og hektisk. Historia startar i Bergen i 1902, går om Kapp det gode håp, Alta, Oxford, Shanghai, Paris og Reykjavik, så Moskva og Madrid, og endar i eit fly over Berlin i 1943. Han var forfattar og reporter, ein verdsborgar og ein patriot, som valde å kjempa for sovjetkommunismen og mot fascismen.

Grieg er opphavsmann til nokre av dei viktigaste dikta i nyare norsk historie. Eitt lese på radioen den 17. mai 1940, då Norge var kutta i to. Andre slept som flygeblad frå London. Samlingar løynde i botnen av eplekasser. Utvalde vers som nordmenn sette om til tysk, og blei dømt til døden for.

Dikt lesne for norske soldatar i Afghanistan den 17. mai 2010.

Dikt ungdommar song då dei sumde frå Utøya den 22. juli 2011.

Kvar hentar desse dikta krafta frå? Kvar henta Nordahl Grieg krafta frå?

Til toppen

Andre utgaver

Diktaren i bombeflyet
Nynorsk Ebok 2012
Diktaren i bombeflyet
Nynorsk Heftet 2013

Flere bøker av Gudmund Skjeldal:

Anmeldelser av Diktaren i bombeflyet
Skjeldals meget grundige og etterrettelige biografi stiller relevante spørsmål til venstresiden den dag i dag (...). Gro Jørstad Nilsen, Bergens TidendeGro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Skjeldal skriv særs god nynorsk sakprosa. Dessutan med sterke innslag av litterære kvalitetar, der han lagar korthogne setningar kontrastfullt sette opp mot kvarandre. Arild Pedersen, Dag og TidArild Pedersen, Dag og Tid
[...] de historiske og politiske perspektivene gjør boken interessant for langt flere enn dem som er opptatt av Nordahl Grieg som forfatter. Espen Grønlie, MorgenbladetEspen Grønlie, Morgenbladet

Til toppen

Om forfatter
Gudmund Skjeldal (f. 1970) er utdanna idéhistorikar, og arbeider som journalist i Bergens Tidende. Han er forfattar av fleire kritikarroste bøker; Nestbest (2014), Diktaren i bombeflyet. Ein biografi om Nordahl Grieg (2012), Feber (2009), Fallande snø (2008), Den siste langrennaren (2005) og På villspor (1995). Han var leiar for klimakampanjen Hvit vinter i 2007–2008, og landslagsløpar i langrenn på 1990-talet.