Diktaren i bombeflyet

Ein biografi om Nordahl Grieg

Gudmund Skjeldal, 2013, Heftet, Nynorsk
201,–
Veil. pris229,–Du sparer28,–
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager.

Omtale

Diktaren Nordahl Griegs liv er på same tid eventyrleg, og hektisk. Historia startar i Bergen i 1902, går om Kapp det gode håp, Alta, Oxford, Shanghai, Paris og Reykjavik, så Moskva og Madrid, og endar i eit fly over Berlin i 1943. Han var forfattar og reporter, ein verdsborgar og ein patriot, som valde å kjempa for sovjetkommunismen og mot fascismen.

Grieg er opphavsmann til nokre av dei viktigaste dikta i nyare norsk historie. Eitt lese på radioen den 17. mai 1940, då Norge var kutta i to. Andre slept som flygeblad frå London. Samlingar løynde i botnen av eplekasser. Utvalde vers som nordmenn sette om til tysk, og blei dømt til døden for.

Dikt lesne for norske soldatar i Afghanistan den 17. mai 2010.

Dikt ungdommar song då dei sumde frå Utøya den 22. juli 2011.

Kvar hentar desse dikta krafta frå? Kvar henta Nordahl Grieg krafta frå?