Den store tømmerdrifta

Sven Moren, 2012, Nedlastbar lydbok, Nynorsk, MP3
199,–
Du må være registrert som privatperson for å kjøpe nedlastbare lydbøker. Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.

Omtale

"Kvar haust så lenge eg minnest attende hadde far min tømmerdrift. I dei fyrste dagane etter Mikaelsmess marknaden vart det eit svare ståk på garden av folk og hestar. Da kom lauskarar og tok på seg hogging. Og køyrekarar som skodde hestar og vølte køyredoning og skrangla i selar og lekkjer. Hamrane klinka og song i smia. Slipesteinen ylte og kvein under øksekjeftane. Og framved buveggen stod neverkuntane, fylte med tung rnatvare, og kaffikoppen og tobakrullen øvst under det halvopne loket. Han far gjekk mellom bua og stallen og smia og drengestua dagen lang - vog ut vare, smidde lekkjer og kilar, skjefte øksar og tinga med karane. Og eg fylgde med og dilta etter alle stader, og stunda mot den dagen da eg sjølv kunne få vera med åt tømmerskogen."