Barnelitteratur (Heftet)

- sjangrar og teksttypar

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 230
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202594473
Kategori: Fagbøker og Språk og litteratur
Fag: Litteratur- og språkvitenskap, Norsk, Språk, tekst og matematikk
Nivå: Akademisk
Omtale Barnelitteratur

Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk.

Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur.

Denne 4. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. To kapittel er heilt nyskrivne, dei sju andre er utvida, reviderte og oppdaterte.

  • Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending.
  • Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon.
  • Kapittel 3–7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, bildebøker, lyrikk og fagbøker.
  • Kapittel 8 syner korleis barnelitteraturen utvidar tekstbegrepet, tøyer sjangergrenser og skaper nye forteljingsformer ved å gå i dialog med utbreidde medier innanfor det barnekulturelle feltet.
  • Kapittel 9 drøftar barnelitteraturens sjangrar og teksttypar i forhold til skiftande tider sine førestillingar om barn og barndom.

Til toppen

Om forfatter

Tone Birkeland er tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen. Ho har undervist i barnelitteratur og har vore medforfattar av Den norske biletboka (1993) og Norsk Barnelitteraturhistorie (1997/2005/2018).

Ingeborg Mjør var førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho underviste i barnelitteratur og disputerte i 2009 med avhandlinga «Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst».

Anne-Stefi Teigland har arbeidd som kritikar, forlagsredaktør og formidlar, og er i dag førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet. Ho underviser og forskar i barnelitteratur, og har skrive fleire artiklar på fagområdet.