Kjendisen (Innbundet)

Serie: Leseløve 

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 64
Illustratør: Stai, Kari
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
Serie: Leseløve
ISBN/EAN: 9788202451257
Kategori: Lese selv
Alder: 7 - 10
Omtale: Kjendisen

Alle dei vaksne i Tullevik gler seg til at den populære kjendisen skal komma til bygda og synga for dei. Men det er berre Mo som veit at kjendisen har ramla ned i ei bratt grop i skogen og verken har mobil eller nokon til å hjelpa seg. Dette skal han visa til Unn, som han er så innmari forelska i!

Kjendisen er Rune Belsvik på sitt beste. Umiskjennelig, spennande, varm og hylande morosam.

Til toppen

Anmeldelser av Kjendisen
"Å skrive slik at dei som nett har lært å lesa, får lyst til å fylgje forteljinga, er ein kunst. Å skrive slik at ein kjenner tidsånda suse elegant mellom linene, er strålande. I den vesle boka Kjendisen tek Belsvik tak i dette merkelege i vår tid, at vi er så opptekne av kjendisar. Det er blitt ei nydeleg bok med mange lag i, også takk vere Kari Stai, som har truffe den truskuldige tonen i forteljinga svært godt med sine strekar."Marianne Lystrup, Vårt Land, kritikernes favoritter 2015
"Kjendisen er på vei til konserten han skal holde i Tullevik, han må bare ut i skogen for å tisse først. Der ramler han uheldigvis ned i et hull. Mens de voksne venter på konserten, finner Mo kjendisen. Mo vet å utnytte situasjonen! Lesetreningsboken lar lesere fra 7 års alder kjenne på en herlig makt over de voksne. Språket er enkelt uten å miste verken lunheten eller futten. Illustrasjonene gjør historien enda morsommere, mer spennende og overraskende."Guri Fjeldberg, Bergens Tidende, kritikernes favoritter 2015

Enkle ord, rikt innhald

"Rune Belsvik er ein viktig forfattar. Også når han skriv Leseløver. [...] Boka kjem ikkje med openlys kritikk, langt ifrå, men gjennom den enkle historia om vennene Mo og Unn og deira møte med Kjendisen, som kjem til bygda for å syngje på kafeen, siv det inn nokre strimer av elegante perspektiv og opplegg for etiske refleksjonar. [...] Det er eggande for lesaren sin eigen fantasi når det skrivne er så knapt. Du får nokre knaggar, og så må du skape deg dine eigne bilete inne i hovudet. [...] Her er litt av kvart både å tenkja på og tala om. [...] Boka er gjennomillustrert av Kari Stai. Ho har treft den truskuldige tonen i forteljinga svært godt. Med sikker sans for nyansar har ho teke på kornet ei rad av rørsler [...] Til saman skaper dei to ei nydeleg bok med mange lag i."Marianne Lystrup, Vårt Land

Til toppen

Om forfatter

Rune Belsvik er fødd i Haugesund i 1956 og oppvokst på Stord. Han bur nå i Randesund ved Kristiansand. Rune Belsvik debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Dustefjerten er òg kjend frå barnetimen i NRK.
Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. Han har dikta ei vedunderleg forteljing - Verdas mest forelska par (2001) - for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling.