Kattejenta (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 56
Illustratør: Gaustad, Bo
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202479435
Kategori: Høytlesning
Alder: 5 - 8
Omtale: Kattejenta

VINNER AV ILLUSTRASJONSPRISEN, KULTURDEPARTEMENTETS PRISER FOR BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR 2015


Det er siste skuledag før juleferien. Kva skal du gjere i jula? spør Kristin. Vere med August, svarar eg. Kan eg vere med deg i dag? spør ho. Eg svarar ikkje. Eg har ikkje lyst til å vere med Kristin idag. Eg har andre planar.
*
Kom her litt, Ruth, ropar pappa frå stova. Eg kan høyre på stemma hans at det er noko eg ikkje vil like. Vi har ei overrasking til deg, seier pappa. Han smilar. Eg likar ikkje overraskingar, det veit du, seier eg. Denne overraskinga trur eg du vil like, seier pappa.

Men kattejenta Rut vil ikkje til Lanzarote i juleferien, ikkje vil ho lage lenke med Kristin heller. Rut og katten August har noko dei held på med, eit hemmeleg oppdrag. Og dei vil ikkje bli forstyrra!

Kattejenta er ei sjarmerande historie skriven av debutanten Veronika Erstad og illustrert av Bo Gaustad. Ei høgtlesingsbok om vener, katter og det å ville bestemme sjølv.

Til toppen

Anmeldelser av Kattejenta

Kostelig juleferiekrise

«Eg er ikkje lett å leika med. Det seier pappa.» Det er Ruth som oppsummerer slik. Ruth liker å bestemme selv – når hun vil være alene eller sammen med bestevennen Kristin, når hun vil være sammen med katten August. Nå er det straks juleferie, og Ruths plan er å være sammen med August. De to har noe hemmelig fore. Men så har mamma gått hen og vært impulsiv. Familien skal reise vekk i ferien. Det blir helt krise i lille Ruths liv. Veronika Erstad og Bo Gustad er en fin duo. Erstad har tidligere utgitt kortprosa, før hun nå debuterer som barnebokforfatter. Det gjør hun med stor trygghet, språkfølelse og sjarm. Flust av sjarm er det også i Bo Gaustads uttrykksfulle tusjpenntegninger med fargelagte/påmalte felt. Streken er fri og selvstendig, Som Ruth. Som katten August. Mye karakter Tegningene fanger nydelig og ømt inn Ruths humør; når hun er tenksom, blid, fortvilet. Personene gis mye karakter. Ikke minster de to småjentene, Ruth og Kristin, kostelige. Da krølltoppen Kristin ringer på etter krisen, kikker Ruth ut av døra med et ansikt som stort sett består av røde øyne og rød nesetipp. Vi forstår akkurat hvordan hun føler seg. Egenrådig Foruten sjarm i tekst og tegning, er det klokskapen som slår en. Boka handler om ei jente som vil følge sitt eget hjerte, også når andre synes hun er sær. Det skal det være takhøyde for. Det skjønner de voksne i boka. «Kattejenta» er en fornøyelig fortelling om katter og venner. Om å bestemme, innordne seg og være seg selv."
 
Maya Troberg Djuve, Dagbladet

Kattejenter og hundejenter

Korleis vere venner når vi har ulike behov, er eit sentralt tema i debutboka til Veronika Erstad. […] Ein underliggande bodskap i boka kan vere at somme, særleg kattejentene, har ”konturar” som lett går sund, dei treng einsemd for å skape og puste. Mens hundejentene, og andre sosiale skapningar, blir sterkare av å vere i lag. Temaet gir assosiasjonar til seinare tids medvite om skilnad på sensitivitet og den introverte som ein motpol til den opne og sosiale. Men slik det er handsama her, er det òg ei sjarmerande forteljing om vennskap. For vennskapet viser seg å ha stor verdi for begge to. Det er balansen i det heile som forløyser. […] Veronika Erstad har skrive ei interessant og sjarmerande debutbok, vital og nydeleg. Språkleg er den herleg fri og utfaldande. Forfattaren evnar å skape ei bok om den stille, men teksten i seg sjølv er langt frå stilleståande.Laura Djupvik, nbutipset.noLes hele anmeldelsen

Årets aller beste barnebøker

"Veronika Erstad og illustratør Bo Gaustad har funnet en humoristisk tone i fortellingen om kattejenta Ruth. Barneroman for barn som kan lese selv. Egner seg også godt som høytlesning. Ruth har en stor hemmelighet med katten August. Ruth er kattejente, og trenger som katten noen ganger å gå sine egne veier. Nabojenta Kristin er hundejente og vil være sammen med Ruth hele tiden. Hvordan kan de løse det? «Kattejenta» er en humoristisk fortelling om å være seg selv alene og sammen med andre. Fortellingen er leken i språk og tematikk, Bo Gaustad har også lagt mild komikk i gjengivelsen av en trumpete og forurettet Ruth som jo også er i sin fulle rett til å bestemme over seg selv."Anne Cathrine Straume, nrk.noLes hele anmeldelsen

Månedens nyhet

"En fin og morsom bok om alenetid, katter og det å ikke like overraskelser."Mariann Aaland, Foreldre & Barn
"Kattejenta opnar opplevingane til to heilt vanlege småjenter. Forholdet mellom dei er så jordnært og greitt skildra at det er ein fryd. [...] Ruth er eit sært einebarn, som likar å bestemme sjølv, og som treng mykje tid åleine eller berre saman med katten sin. Kristin har fem sysken og er vant til å dele og vera i lag med folk eller dei to hundane i familien hennar. Boka faldar fint ut denne konflikten, som verkar uskuldig på dette småbarns nivået, men småborna som dette blir lese for, skjønar nok alvoret i desse situasjonsbileta . Nokon kvar kan kjenne det vanskeleg å takle dersom den eine vennen vil vera i lag, og den andre helst ikkje vil. [...] Det er Ruth sitt perspektiv vi ser historia frå, men det blir fortalt nok til at vi også får innblikk i korleis andre opplever henne. Veronika Erstad har funne ein fin balanse mellom å la Ruth vera nett så sær og ufordrageleg som ho kan vera, og samstundes få oss til å forstå kvifor ho er slik, og ha samkjensle med ho. [...] Forholdet mellom dei to jentene er så jordnært og greitt skildra at det er ein fryd. «Ein gong sa eg at eg ikkje fekk lov å la andre låne det fjernstyrte helikopteret. Eg kunne sjå på Kristin at ho ikkje trudde på meg. Likevel sa ho ikkje noko. Etterpå sa ho at ho måtte heim og ete.» Berre slik, enkelt og liketil. [...] Illustrasjonane til Bo Gaustad høver svært godt til denne teksten. Dei rufsete strekane signaliserer at det ikkje er så nøye, eg gjer som eg vil likevel, nett slik Ruth gjer – og katten hennar. Gaustad har òg fanga rørslene i jentekroppen og katten på ein treffande måte. Den smale streken av ein munn, augo som to rundingar med ein prikk på rett stad, og vi kjenner det heilt ned i magen kor skuffa ho er."Marianne Lystrup, Vårt Land

Til toppen