Atlanten av Ruth Lillegraven (Heftet)

Atlanten

Boksingel

Ruth Lillegraven, 2015, Heftet, Nynorsk
66,–
Veil. pris75,–Du sparer9,–
Midlertidig utsolgt.

Omtale

Atlanterhavet er verdas nest største hav, og dekkar nærmare ein femtedel av jordas overflate. Det skal ikkje mykje til å føle seg liten idet ein flyg over. Som Ruth Lillegraven gjorde, på veg til tre dager på Svalbard. Jobb, ikkje ferie. Innpakka i ein kollektiv identitet (jobben) som ho, der nede, på landjorda, i det vanvittig blå og kvite landskapet, så skriv seg ut av, «frå tidsklemma/ og vaksenklypa … til sjølve eventyret». Berre smak på namnet: Longyearbyen. Og tanken: Ein stad og ei verd du for første gong ser med eigne augo, for første og kanskje siste, kven veit? Og i det skuet, i den vissheta, oppdage Atlanten i ein sjølv, som tankane, kjenslane, handlingane våre («alt dette som vi er vi er vi er») flyg over kvar einaste dag.

I Atlanten skriv Ruth Lillegraven dikt om og utifrå det lille kvardagslige eventyret som vi alle er del av frå tid til annan: Nokre få dagar på ein ny, framand stad, «langt/ langt bortanfor landet/ det faste».