"Det er eit stort språkleg spenn i denne diktsamlinga frå aforismar til bibelske allusjonar, paradoks og politiske notat, frå refleksjonar og meditasjonar til små bønner, frå høgstemt bibelspråk til folkeleg lågstil...Forfattarskapen er under eitt prega av analyse, refleksjon og samfunnsengasjement, og han har gjennom snart tretti år skrive seg fram til ein posisjon i norsk samtidslitteratur der han ikkje liknar på nokon og ingen liknar på han. Sånn sett kan han stillast på linje med Erling Kittelsen, også ein som driv med sitt utan å skjegle til lesarar eller til litterære straumdrag i tida. Dei driv med sitt, og det har dei all ære av. "